Testprosjekt VangsRiva

Introduksjonssenteret i Vang kommune står bak idea om aktiviteta VangsRiva. Bakgrunnen var å freista nye tankar i samband med integrering av busette flyktningar. Det vart søkt om tilskott og Oppland Fylkeskommune og Vang kommune har gjeve støtte til utvikla prosjektet. Dermed kunne ein prosjektleiar engasjerast og setja i gang etablering og drifte prosjektet i løpet av sommaren 2016 . Prosjektet er eit samarbeid med Vestre Slidre kommune.

– Har du tenkt på at uthuset skulle vore måla i sommar?IMG_2531
– Hadde vore kjekt å fått hjelp til å klippa plenen!
– Kanskje bilen treng ein grundig vask!
– Mormor – hadde jammen hatt behov for ein vindusvask!

Dette og andre lignande tenester vil VangsRiva kunna hjelpa til med.

I sommar vil det primært vera oppdrag frå private personar og kanskje landbruket. I tillegg vil det òg verta utplassert enkelte i nokre relevante føretak i arbeidspraksis.

IMG_2583

 

Frå i haust vil det verta meir aktuelt å få til fleire praksisplassar.

Me håpar på mange oppdrag av ulike slag – slik at dei busette vil får prøva seg i arbeidstilhøve og oppgåver.

15 busette flyktningar frå Vang og Vestre Slidre som alle er i introduksjonsprogrammet i kommunal regi  er «rivjerna» og arbeidskrafta!
Nokre har budd i kommunen eitt år eller meir, medan andre berre få månader. Alle har variert bakgrunn og røynsle. Nokre snakkar bra norsk, medan andre er i starten på norskopplæringa. Alle er klåre til å hjelpa til.

VangsRiva vil ha drift frå 20. juni til 20.august 2016.

Etter testperioden skal røynsla takast med i vidare arbeid og målet er at VangsRiva skal kunne verta varig.

Bestilling av oppdrag ringast inn, sendast via netta- under BESTILLING eller ein epost.  Sjå Kontaktsida

.