Om VangsRiva

VangsRiva er ein jobbsentral som skal gje busette flyktningar høve til å trene på norsk og bli kjent i lokalsamfunnet gjennom arbeid. Introduksjonssenteret i Vang driv VangsRiva, og me håpar tiltaket vil fremme integrering i bygda vår. Ikkje minst håpar me at flyktningane trivast og blir buande!

Småjobbar på oppdrag

VangsRiva held ope i skuleferiar, og tek imot oppdrag på nesten alle slags småjobbar frå privatpersonar, gardsbruk og bedrifter. Me kan til dømes hjelpe med husvask, bilvask, måling og beising, plenklipp og hagearbeid, rydding og sjauing. Sjå våre tenester for meir informasjon. Me håpar på mange oppdrag av ulike slag, så «rivjerna» får prøve seg på varierte arbeidsoppgåver og treffe flest muleg sambygdingar.

Tenestane våre er gratis

«Rivjerna» (arbeidskrafta) er 13 busette flyktningar frå Vang som er i introduksjonsprogram i kommunal regi. Dei får lønn frå kommunen for å gå på introduksjonsprogrammet, og derfor er tenestane me utfører gjennom VangsRiva gratis. Det einaste me ber om er at du gir dei skyss til og frå arbeidsplassen om naudsynt og mogleg. Om du likevel vil gje rivjerna ei påskjøning for innsatsen kan du gjerne by dei ein kopp te eller litt frukt.

VangsRiva disponerer grasklyppar og kantklyppar som me kan ta med om du ikkje har eige utstyr. Har du ikkje høve til å hente utstyret sjølv (eller bur i gångavstand frå Klokkarhaugen) er det nokon avgrensingar med tanke på når vi kan hjelpe deg. Ta kontakt for meir informasjon og bestilling.

Her er Rivjerna våre

Rivjerna er flyktningar som har fått opphald i Noreg og vorte busett i Vang kommune. Dei fleste har budd i kommunen i over eitt år, og nokon snakkar veldig bra norsk, mens andre snakkar mindre. Alle har variert bakgrunn og røynsle, og alle er klare til å hjelpe til!

Ghebrehiwet Kesete
33 år - Eritrea - Bur i Ryfoss. Har høgskoleutdanning innan tekniske fag og 3 års arbeidserfaring innen plantevernmidlar. Vil gjerne jobbe med eldre og hjelpe til i hus og hage. Har jobbet med plantestell og har ynskje om å lære meir om Norge og ta meir skule.
Furutuna T. Eman
30 år fra Eritrea - Bur i Ryfoss og kom til Norge i 2013. Har erfaring fra kafé /restaurant og frisørsalong. Vil gjerne jobbe med barn eller hjelpe eldre, rydde og vaske, stelle hår. Servere og jobbe på kafé.
Lina Nakshou
25 år fra Syria - Kom til Norge hausten 2015 og bur i Vang med famile. Likar å lære seg norsk og jobbar gjerne med barn og eldre.
Hagos S. Habte
30 år fra Eritrea - Kom til Norge vinter 2016 og bur i Ryfoss. Har jobba som avsløser på gårdsbruk og med pakking av grønnsakar. Er glad ballspel, vil gjerne jobbe med husdyr og med praktiske oppgåver ute.
Hadgu H. Gebreluul
28 år fra Eritrea - Bur i Ryfoss. Likar ballspel og sport. Budd i Norge eit år. Studert økonomi innan landbruksfag og har planar om å ta meir skule i Norge. Har 7 års arbeidserfaring fra metallindustri og engelsklærer. Jobbar gjerne med praktiske oppgåver inne og ute.
Eden Tekrauray
31 år fra Eritrea - Kom til Vang for snart eit halv årt sidan. Har utdanning og erfaring som frisør fra salong, og kan gjerne jobbe med det eller med ulike hjemmetjenestar - eller passe barn.
Samuel Y. Gebreslase
24 år fra Eritrea - Bur i Ryfoss og har vore i Norge i ca. 1år. Har arbeidserfaring fra industri og i byggeprosjektar. Glad i å trene og likar å jobbe med praktiske oppgåver.
Hagos Gebremedhin
24 år fra Eritrea - Bur i Vestre Slidre og kom til Norge for 2år sidan. Likar sport og trening, og lese norsk. Har noko erfaring med praktisk arbeid tidligere, måling og montering i byggeprosjekt. Kan jobbe med oppgaver i hus og hage
Abdulmoti Mogharbel
40 År fra Syria - Kom til Norge med familie i 2015 og bur i Vang. Har 20 års erfaring fra byggebransjen, større leilighetsbygg og anlegg fleire stader og land. Vil jobbe med ulike praktiske oppgaver, gjerne i byggefirma eller i hus og hytte.
Yonathan Solomon Deres
25 år fra Eritrea - Bur i Vestre Slidre og kom til Norge for 2 år siden. Likar å lære mer om Norge og bli god i norsk. Arbeidserfaring som møbelmontør i byggeprosjekter og kan handtere drill og skrutrekker. Kan gjerne jobbe med små snekkeroppgaver. Ellers med praktiske oppgaver i hus og hage.
Yonas Tewelde
37 år fra Eritrea - Kom til Norge for fleire år sidan og pratar og les bra norsk. Har erfaring frå heimlandet med bla. Transport og førstehjelp. Har norsk førarkort og vil gjerne jobbe med praktiske oppgåver og sjåfør/transport oppdrag.
Ahfterom Tesfay Ghedam
21 år fra Eritrea -Vore i Norge i 8 måneder og bur i Vestre Slidre. Likar å spele fotball og trene. Noko erfaring frå industri og som sjåfør. Vil gjerne jobbe med ulike oppgaver - gjerne i bilverkstad eller lignende.
Kedawi Meresie Keste
30 år fra Eritrea - Kom til Norge for 2 år siden og budd i Vang eit halvt år. Glad i å spele fotball og trene. Erfaring frå bilverksted og som fotballspelar. Jobba med vask og vedproduksjon i Norge. Jobber gjerne med vasking og rydding, hagestell og måling.
Lidya Rezene Michael
21 år fra Eritrea - Busett i Vestre Slidre og oppteken av å lære godt norsk. Har jobba som frisør og med husarbeid. Vil gjerne hjelpe med ulike oppgåver i huset.