Lokalisering

IMG_2490

Klokkarhaugen – base og turistinformasjon

VangsRiva vil ha base og besøksadresse i «Klokkarhaugen» midt i Vang sentrum, Tyinvegen 5175.

Eit flott gamalt hus med mykje historie i veggene. Huset blei satt opp i 1863 som skulehus og i 2. etg budde klokkaren. Seinere har huset vore bolighus, bank og kommunehus.

Huset blei  pussa opp i nyare tid og det blei laga ein presentasjon av  bygda Vang med bilder og tekster om bygda, kulturlandskapet, kulturminner, natur, opplevelser og attraksjoner. Vang kommune drifta  turistinformasjon i 1. etg. i fleire år.

VangsRiva vil derfor denne sommaren drive ein «mini-turistinformasjon», dvs. besøkande vil kunne få med seg ymse brosjyrer om bla overnatting,  attraksjoner og opplevelser – primært i Valdres og Vang kommune og nabokommuner. Samt kikke på utstillingen.  Noen aktuelle turbøker og turkart er for salg.

Det blir lett servering av kaffe&te, mineralvatn og kioskvarer.

Velkommen til VangsRiva og Klokkarhaugen!