– Integrering skjer ikkje på eit kontor

Posted by on 5. september 2016

– Ein må gje det tid. Ein sår frø, nokre av dei gror, seier Marte Tangen. Ho er mangfaldssjef i Vinjerock og dagleg leiar i frivilligsentralen i Vang.

Det er ein vanleg ettermiddag og i eit lyst augeblikk kjem eg på at brødboksen er tom, siste skiva gjekk til matpakka i dag tidleg, så eg svingar innom Coop Grindaheim. Ved fruktdisken møter eg eit kjent ansikt. – Hei, seier eg. – Hei, får eg til svar. Det er Kedawi frå Eritrea. Vi gjev kvarandre eit smil og handlar vidare.

På hels

Ute i bilen tenker eg over dette, kvar hadde eg han eigentleg i frå? Jo, fyrste gong eg møtte Kedawi var i juni, i samband med prosjektet Vangsriva, som han jobbar for. Så dukka han opp att litt seinare på sommaren, som frivillig på Vinjerock. Deretter traff eg han på Vårt Nabolag, mini-festivalen på asylmottaket i Vang. Og no er vi altså på hels. Vang er ei bygd som har vorte kjent for sine framoverlente tiltak, slik er det kanskje oǵ med integrering, tenkjer eg, og plukkar opp telefonen.

Ein lyt starte ein plass

Eg ringer Marte Tangen. Som mangfaldssjef i Vinjerock og dagleg leiar i frivilligsentralen i Vang er ho godt orientert om dei lokale integreringstiltaka. Under Vinjerock i sommar hadde Marte med seg fire frå asylmottaket og fire busette flyktningar frå Vangsriva som frivillige.

– Vinjerock ynskjer å vere ein festival for alle, så i tillegg til integreringsprosjektet jobbar eg også med tilrettelegging for funksjonhemma og rekruttering av lokal ungdom. Dei som er med på Vinjerock får erfaring som kan nyttast seinare, i samband med andre arrangement eller på heilt andre arenaer. Ein bygger rett og slett ressurspersonar, seier ho.

Tiltak på tvers

– Er det då slik at Vang utmerkar seg på integrering, undrar eg.
– Tja, er svaret. Det er ikkje alt vi har lukkast med enno, det er mellom anna ei utfordring å få folk i arbeid, forklarar Marte Tangen.
– Vangsriva er eit resultat av denne utfordringa, vi prøvar no å snu på dette. Det som er positivt i Vang er at ein får til tiltak på tvers. Vinjerock sitt prosjekt er til dømes eit samarbeid med Introduksjonssenteret, asylmottaket, kommunen og Frivilligsentralen med fleir. Eit anna døme er Vangsriva, som er ein del av Introduksjonsenteret, men under utviklinga av prosjektet var Frivilligsentralen og Innovangsjon med som sparringspartnarar. Vangsriva tek seg av oppgåver som vi i Frivilligsentralen prøvde å ta ansvar for tidlegare, men som var vanskelege å løyse innanfor våre rammer. Slik er det heile vegen, vi jobbar saman på tvers, held Marte fram.

Uttalt mål

Så kan ein diskutere om ein lukkast med dei ulike tiltaka eller ikkje. Marte understrekar at det er eit uttalt mål at alle som kjem til Vang skal takast godt i mot, uansett kvar ein kjem frå.
– Slik skapast det ei stemning om at det er bra å gjera tiltak, det er bra å prøve. Slik haldning blir det mykje samhandling av.

Marte har mykje på hjartet. Eit godt døme på at små handlingar kan bera frukter er Abdela fra Eritrea. Han hadde budd to år i Vang utan å bli kjent med nokon, men då han

fyrst fekk éin ven gjennom Frivilligsentralen, ein såkalla Velkomstven, fekk han raskt mange fleir. Tiltaket Velkomstven vart etablert i 2013 som ein del av bulystprosjektet til Innovangsjon, NAV, Frivilligsentralen og Introduksjonsenteret.

Det er altså vanskeleg å få flyktningar ut i arbeid. Eg plukkar opp telefonen på ny, denne gongen ringer eg Ingrid Neste. Ingrid er dagleg leiar i Vangsriva, prosjektet som skal freiste å endre dette problemet. (Eg har vitja Vangsriva nokre gonger i løpet av sommaren og kjenner prosjektet som eit vellukka tiltak.) Vangsriva formidlar arbeidskraft til privatpersonar og næringslivet, dei har med seg 15 busette flyktningar frå Vang og Vestre Slidre som kan hjelpe til med det meste av førefallande arbeid. Måle hus, klyppe plen, vaske golv, drive turistinformasjon osb.

– Prosjektet har hatt ein testperiode i skuleferien og skal evaluerast no i haust, vi kryssar fingrane for ei vidareføring fortel Ingrid.
– Dei busette flyktingane deltek i eit to-årig introduksjonsprogram, som kommunar er pålagt gjennom lov. Formålet er språkopplæring, arbeidstrening og auka innsikt i norsk samfunnsliv. Tiltaket skal førebu flyktningane til deltaking i arbeidslivet, anten direkte eller etter eit utdanningsløp. Men, det er kjent at overgang frå introduksjonsprogrammet og ut i arbeid er vanskeleg, fortel Ingrid vidare.

– Poenget er at desse menneska ikkje skal på NAV, men få moglegheit til å klare seg sjølv. Vi håpar Vangsriva kan vere med å bidra til ein smidigare overgang, held ho fram. Ho fortel vidare at ettersom introduksjonsprogrammet fylgjer skuleruta, er det eit hol i opplegget om sommaren, dermed passa det fint å teste Vangsriva i ferien. Flyktingane er pålagt å delta i Vangsriva, sidan det reknast som ein del av undervisningsopplegget.
– I møte med hyttefolk, privatpersonar og bedrifter får dei busette flyktingane i Vangsriva ei verdifull arbeidspraksis og språktrening. Dei kommunane som jobbar aktivt i samarbeid med næringslivet og organisasjonslivet, lukkast best med å gje busette flyktingar jobb, avsluttar Ingrid.

Tankane mine går attende til noko Marte Tangen sa: Integrering skjer ikkje på eit kontor, det må knytast til lokalbefolkninga. Og gje det litt tid, ein sår frø, nokre av dei gror.

Anne-Marte Før

Posted in: Nyhende