Turistinformasjon på Klokkarhaugen

Posted by on 12. august 2016

Kva om du snirklar deg fram på dei smale vegane i Vang, i bubil eller med stasjonsvogn stappfull av ungar og pikkpakk, og du brått kjenner deg kaffetyst? Då er det berre å slakke ned farta, blinke til høgre og ta seg ein rast på Klokkarhaugen.

Klokkarhaugen, eit triveleg blått hus, ligg midt i Vang sentrum, merka som Grindaheim på kartet. I heile sommar er det turistinformasjon i light-utgåve der. Kvar vekedag blir det servert god service og nysteikte vaflar til dei som stikk innom. Og, det er busette flyktningar som syt for drifta.

To fluger i ein smekk

Det er nokre år sidan turistinformasjonen var i drift sist, og heller ikkje denne sommaren skulle Klokkarhaugen vere open. Men, då prosjektet Vangsriva trengte ei base og det trivelege blå huset var ledig, fekk prosjektleiar Ingrid Neste ein idé. Her kunne ein slå to fluger i ein smekk. Dei busette flyktningane som jobbar i Vangsriva driftar no turistinformasjonen på omgang. Dei har vaktlister som rullerar, slik at alle får prøve seg.

Kart og kake

– Vi er ikkje ein fullverdig turistinformasjon, fortel prosjektleiar Ingrid Neste, men meir ein minivariant. – Det skal ein del meir ressursar og kunnskap til for å kunne yte all den servicen som vanlege turistinformasjonar har, men vi er til hjelp for mange likevel. Det kjem innom folk frå mange land, til og med nokre frå Vang, fortel ho vidare med eit smil, folk som vil ha ein pust i bakken, ein stopp langs vegen. Nokre spør om fjellturar, mange tek med seg brosjyrer og inni mellom må vi vise veg på kartet. Alle vil ha kaffe og vaffel, eller is, eller Kvikklunsj, eller boller og frisk eplejuice frå Sogn.

Positiv respons

Vi prøver å skape synleg engasjement og gje tiltaket litt sjel, slik som å skrive litt ulike små meldingar på eit skilt, forklarar Ingrid. I dag står det; I dag er det fredag. Det er ikkje alltid ein hugsar dagane frå kvarandre i ferien. Ingrid kan fortelja om positiv respons frå turistane som er innom, det er flott at flykningane bidreg med dette tiltaket, seier folk stadig. – Det er vinn-vinn for alle, praktisk erfaring med kundeservice og enkel servering, bruke språk, peike og forklare er god arbeidstrening. Vi vil vere eit godt vertskap og ynskje folk velkomne til Vang, avsluttar Ingrid.

Anne-Marte Før

 

Posted in: Nyhende