Arbeid – det viktigaste i eit menneske sitt liv

Posted by on 5. august 2016

Arbeidshjelp frå heile verda, på den penaste staden i verda, seier Antony Andersen, han sit på ein nymåla krakk utanfor hytta si, og pratar og kikkar utover. Frå Heensåsen ser ein langt og vidt. – Arbeid er noko av det viktigaste i eit menneske sitt liv, føyer dottera Nina Riis Lileng til. Dei to, far og dotter, kjem frå Oslo, men har brukt mange av sommarane sine i Vang. Antony var på Øylo frå han var berre eitt år, no er han 89. I 1962 bygde dei hytta, og Heensåsen har vore familien sin andre heimstad sidan.

Vangsriva og rivjerna

I sommar har Antony og Nina arbeidshjelp frå Vangsriva. Prosjektet, som gjev arbeidstrening til busette flyktningar i Vang og Vestre Slidre, har vorte ein positiv snakkis. Tidlegare i juli besøkte vi Inger Ågesdotter Hovengen då Samuel frå Eritrea jobba på småbruket hennar i Lomen. Dei 14 flyktningane som er med i prosjektet kallar seg Rivjerna. Desse reiser i kring til private, hytteeigarar og næringslivet for å ta i eit tak, dei bidreg med alt frå plenklypp og husvask til steinplukking og gjerding.

Skomakarens barn

Dei to arbeidsame karane Kedawi og Abdulmoti, frå Syria og Eritrea, er no godt i gang med å rydde ein plankehaug bortmed vedskålen. Antony og Nina set seg ned under ein parasoll. Det luktar tjære i solveggen og flekkane på kleda deira vitnar om at dei er med å jobbar sjølv også. – Det var Arne Heen, røreleggaren som bur nedanfor, som tipsa oss om Vangsriva, fortel Nina. Vi trengte litt hjelp til forefallande arbeid på og i kring hytta.  – Familien er i byggebransja, så vi blir aldri heilt ferdige, det står att noko småtteri her og der. Skomakarens barn har ikkje sko, veit du, held Nina fram, med eit glimt i auga.

Pust i bakken

Sola skin midt på himmelen og lufta står stille, i ellers så vindfulle Vang. Det er varmt og på tide med ein pust i bakken. Nina ropar på arbeidskarane. Antony fortel litt om seg sjølv, han har eit langt kunstnarliv bak seg og kan skilte med å ha signaturen sin på både eitt og hitt, mellom anna eit stort keramikkrelieff på Radisson SAS Beitostølen. Kadawi kan fortelja at han er glad i fotball og trening, har erfaring frå bilverkstad i heimlandet sitt og at han trivs i Vang saman med kona. Etter to-tre år i Noreg pratar han forståeleg norsk. Abdulmoti, som kom direkte til Vang frå Syria for berre 8 månadar sidan, treng derimot litt språkhjelp. Men, saman får dei forklart at Abdulmoti bur saman med kona si og dei tre ungane sine, at han eigentleg er snikkar og at han likar Vangsriva. Det sistnemde seier dei alle seg einige i.

Sjølvtillit kjem med arbeid

– Det er ikkje sunt å gå og berre trå utan noko å gjere, dessutan er det mykje ressursar blant dei busette flyktingane, Nina og Antony held fram med å utvekslar tankar kring verdien av arbeid, medan Kedawi og Abdulmoti dreg på seg att arbeidshanskane for å ta dei siste plankane i stabelen.

– Far måla denne krakken i går, fortel Nina. – Når ein nærmar seg 90år er det begrensa kva ein kan løfte og bæra, men alle lyt ha noko å gjera på. Ein lyt kjenne at ein bidreg, sjølvtillit kjem med arbeid, avsluttar ho, før ho kastar seg ut frå stolen og småspring bort til Abdulmoti for å hjelpe han med ei tung trillebåre. Saman får dei dytta lasset oppover i det bratte Vangs-lende.

Anne-Marte Før

 

Posted in: Nyhende